
Det er vanskelig, veldig vanskelig å prøva å leva vidare utan Karsten. Det har nok ikkje gått opp for meg at han er vekke, borte for alltid. At eg aldri meir skal høyra stemma hans, aldri få ein bamseklem eller telefonen frå han mens han var på vei heim frå jobb. "The show must go on", sangen har han valgt ut sjølv, men me måtte spela den 60 år for tidelig....
Livet går vidare, bussane går, skulane er opne og folk rund meg fungerar. Eg går på autopilot, sover, ete, stelle med ungar, går på jobb og alt det om blir forventa av meg. Men hovudet er ikkje med enno, eg berre er her, slik føles det iallefall.
Fekk ein nydelig overraskelse av eldste bror Steinar og kjæresten hans, Elisabeth i posten i dag. Blir så rørt av av trøst,omsorg og fine ord på kortet.
Konfirmasjonen nærmar seg. Eg skal klara å laga ein fin fest til Alf Inge. Invitasjonar og serviettar er komme i hus. Eg gleda meg til denne feiringa, men no er ikkje entusiasmen på topp lenger. Men konfirmasjon skal det bli.