mandag 21. juni 2010

Midtsommar


Nå snur sola og det går mot mørkare tider. Synes alltid det er litt vemodig at det begynnar å gå på ned før me har fått nyta oppturen skikklig. For om eit par veker er det ferie, og gu så godt da skal bli. Skal ikkje tenka tanken på regn og vind, eg har bestillt fira veker med sol og sommar, lange kveldar med vin på terrassen, festivalar og mykje kjekt.
Tur til Mikkelparken med mammo og brødrene mine, gledar oss stort alle sammen.

Merkar at stemninga i bygda forandrar seg no når den går over i feriemodus. Ingen ungar som kastar sekkane i ein haug, leikeslossing og herjing ved busstoppet. Alt går litt seinare, og bra er det for denne sommaren skal nytast til det fulle!

fredag 11. juni 2010

Praha


No er me vel heima igjen til kvardagen etter ein flott Prahatur. Var kjempeheldige med veret, rundt 30 grader og sol. Ein skikklig smak av sommaren me har i vente. ;) Avslappande og null stress. Fekk ikkje med oss alle attraksjonane, men det astronomiske uret klarte me.



Me prioriterte shopping,mat og drikke. Fant ingen guidetur under 90 min., men me leide hest i 20 min og tok ein liten runde.Utrulig reint og fint, og ganske fasinerande med kor regulert det var med reklame på fortaua. Ein tur som absolutt kan anbefalast, og for oss kvinnheringar var det supert å kunna reisa frå Stavanger.Passa godt med flytiden.


Me er nok de einaste som har vore i Praha utan å besøka Karlsonbrua, men pytt pytt, me besøkte andre kjekke ting som Dior, Gucci osv. Noken er jo fødd til å vera storkar :)

onsdag 2. juni 2010

Frustrert frøken


Me har fått ein liten smakebit av sommaren, men eg kjenner at eg begynnar å bli klar for meir, mykje meir sommar.
Huset står på "håve". Har hatt vannlekasje frå kjøkkenet og ned på badet. Utrulig lite praktisk med dei to romma som blei ramma, men trøysten får vera at eg får eit sårt tiltrengt nytt bad. Aldri så vondt at det ikkje er godt for noke. ;)

Midt opp i detta så reiser eg på venninnetur til Praha, skal bli deilig å komma seg vekk noken dagar nett no, men berre så synd at når eg endlig har fått plassert ungar så må eg legga ein backup-plan for streik. Er heilt enig med ei venninna som meiner streik er primitivt. :(

Treningsoversikten over mai er grei nok. Kunne nok hatt litt lengre økter enn det eg har hatt, men rart med det når sola kjem, må jo nyta terasselivet også.