søndag 29. november 2009

Førjulstid


Julehuset er komme på plass. For første gang har det fått snø på taket, og det blei veldig koselig. Nå skal me bruka dagane framover til å pynta rundt huset. Vesle jenta har leika i fleire timar med huset i dag. :) Pollypocket tar seg ikkje nett lika fint ut som nissar og englar.


Gnomkræsj! Eg har enormt med gnomar på lager om noken er interessert.Har brukt ettermiddagen på å setja skjegg på dei som ikkje har sjal.


Adventstida blir spesiell i år. Energinivået er på bunn, og kreftene blir brukt til å prøva å holda motivasjonen oppe for at ungane skal få ei fin tid. 2009 blir eit år med mykje vonde minner, men me hadde også eit flott bryllup, også blir eg tante for første gong før årskiftet.
Det einaste som er sikkert er vel at det blir jul i år og.

Ønsker alle ei fin og koselig adventstid.

tirsdag 17. november 2009

Nøff, nøff


Så kom sjuka i vår heim også. Om det er svineinfluensa er ikkje godt å sei, men hodepine,feber,vond hals og slapphet har det iallefall vore. Nå er det berre å håpa at minstejenta slepp unna, foreløbig er ho frisk som ein fisk. Noke som kan vera slitande når ein sjølv tilbringer det meste av tida som eit slakt på sofaen.



Munnbinda er ikkje oppbrukte. Det blir liksom ikkje til at ein tar de i bruk, men dei blir levert ut saman med Tamifluen. Eg trur den virkar, iallefall så virkar det som sjuka går snarare over i forhold til dei som var sjuke tidligare i haust. Kryssar fingrane for at det er dette me har hatt, og at me held oss friske og raske resten av vinteren.
Så håpar eg energien kjem raskt tilbake, syness den har vore borte ganske lenge........

God bedring til alle sjuke rundt omkring.....

lørdag 7. november 2009

Arbeid :(

Hausten er oppussingtid for meg. Eg likar ikkje å pussa opp, det er noke med det verste eg gjer.

Eg må iallefall ha det nokelunde ryddig i resten av huset, og oppussinga må gå fort. Er ikkje ei slik som "kosar" meg med slike prosjekt. Nope, dess fortare, dess betre.


Kjekt å ha bursdag, då dryppe det alltid litt nye dilleting til hus og heim.


Her kjem eit par bilder frå førprosjektet. Håpet er at dette snart skal bli eit koslig hobbyrom, der symaskina skal få sin faste plass. Planane er det iallefall ikkje noke i veien med....


Her har eg revet brystpanel og gamle minner dukker opp. Husker godt den tida då "alt" skulle vera gult, burgunder eller grønt ;)
Planleggingsdag i barnehagen i dag, så dette går ikkje så fort som eg ønsker.


Ønsker alle ei flott hausthelg!

Inspirert av andre bloggere


Det er mange flinke kokker her i blogglandia. Desse matmuffinsane fann eg oppskrift på inne på Hobbyhuset sin blogg. Veldig enkle å laga, og av ting man stort sett har i hus. Anbefales :)


Eg blir nok aldri kjent for å vera noke super kokk. Mat og baking står ikkje mitt hjerta nærmast. Av og til må eg likevell til pers, og denne Budapestkaka var enkel og laga til, sjølv for meg. Du finne oppskrifta her. (Søk på "Budapest").

Snart er det vel tid for julebakst og eg er alltid lika letta når kakemennene er ferdigbaka.


Det har blitt litt amputert trening no i haust pga. alt som har hendt, men nå er eg tilbake på rett kjøl, og det trengs vel etter alle desse etegilda for tida.

Førstehjelp og hoven fot


Vesle Aina fekk seg ein skikklig vrikking av foten i går kveld. Ho hadde vore på besøk og nytta høve til å hoppa i seng hos besøket. Hoppa i senga er ikkje lov her i huset og heller ikkje der ho var på besøk. Blei ein vond lærepeng, og no fere ho hinkande og krypande rundt her.
Aller helst vil ho sitta i vogn igjen.....


Kvelden før hadde me hatt førstehjelpskurs i stova. Alf Inge i 7. klasse har fått seg utstyr og skal læra opp så mange som mulig til å utføra førstehjelp. Han tok oppgåva alvorleg, så nå er store og små utlært. :) Eit veldig godt tiltak og kjekt å få prøva det ut skikklig.

Ønsker alle ei god helg, og mammo mi ein fin tur til Tenerife!