torsdag 26. mai 2011

Haust i mai


Skikklig hauststemning ute for tida, og då passar det med "haustsysslar", bøker og håndarbeid.
Eg prøvde meg på å sy ei puta av gamle dynetrekk eg og, det er jo så populært for tida. He,he eit prosjekt som ikkje ligg for meg. Kanskje eg må smiska med Vårglad. Sjekk ut bloggen hennas, og nyt syne av alle dei flotte syprosjekta ho klarar å få til.



Eg trur eg får halda meg til leseprosjekta mine. Eg er ein flittig brukar av biblioteket. Genialt sidan eg ikkje er nokon boksamlar, så sparar eg mange kroner på å låna bøker der. Har også ei god venninne som jobbar hos ein bokhandlar, og ho er flink til å komma med anbefalingar.



For noken veker sidan, då der var fint og varmt noken dagar, så nytta me sjansen til å dra på "cache-tur". Fekk ein FTF (First to find), sidan det var komme ein oppe med KVV. Aina Karin på sykkel, og mammo og mommo på slep etter. Artig fritidssyssel, og motiverande for dei håpefulle. Du kan lesa meir om Geocaching her.



No pakkar me og gjere oss klar for ei helg i Stavanger saman med slekta der. Gleder oss. :)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Genialt med bibliotek!!!
Eg er/var en typisk kjøpa av bøker.... Største problemet e jo oppbevaring...

God tur, -eg må visst begynna å tenka i dei baner eg og. Jæren i helgå :-D Å mens me vente på vår/sommar: God helg!

rodihob

Anonym sa...

God tur! =) Kosa dåke masse, klem frå Stord =)

Anonym sa...

God tur! blir vel kanskje ein cache og to ... i helga og?? :) me sysler med planen om å kanskje legge ut nokon her i området ;) klem frå Ostereidet