søndag 19. juni 2011

Bergtatt i Hardanger




Endelig var dagen komme. Heile, halve bygda har vore inolvert i dette spektakulære prosjektet til Ian Garlant. Ei enormt dugnagsprosjekt som det har vore arbeida med det siste året.
Det var duka for champagne og trollsk stemning nede på Klubbatåo.


Trommerytmer ønskte besøkande velkommen, og små alvar dansa til passande musikk. Utrulig fin oppleving. Utstillinga vil ha offisell opning på jonsokafta i Gamle Skulen. Der vil den stå i ca. ein månad før den skal vidare til Bergen og forhåpentligvis England etter det igjen.


Håpar så mange som mulig tar seg tid til ein tur den neste månden og støttar opp om prosjektet.

Ingen kommentarer: