torsdag 25. februar 2010

Har ikkje ord


Og det høyrer egentlig til sjeldenhetane. Sinnsykt masse med snø, og for å matche terrassen har eg vore og kjøpt 6 pk. serviettar til den nette sum av kr. 10,- pr. pakke. Neida, eg håpar snøen er vekke lenge før eg skal bruka dei. :)


Me får kosa oss med fargar inne så lenge. Aina Karin og mammo er åleina heime denne veka og då tar med det ganske så lettvint i matveien.
Smoothie blei kveldsmaten i går. Biola med jordbær, youghurt med jordbær og nokre frosne jordbær frå frysen. Eit halvminutt i foodprosessoren og voila. Mumse,mumse skikklig vitamininnsprøytning.


Litt håndarbeid innimellom ingenting blir det tid til. Så her blir det første mann til mølla av Anne Sofie, Gudmund eller Karsten. Ser for meg at eg har nokre spanande år foran meg!



Nyt vinterferien de som er så heldige å ha da ;)

fredag 19. februar 2010

Mens vi venter


Mens vi venter på våren, så kan me kosa oss med vinterbilde frå vinteren. Trur venninnene mine er litt meir glad i snøen enn eg, men eg har nå vore med mine turar med kakao eg og. Trur eg har passa på å foreviga de alle som ein tur. Trur de fleste har fått med seg at eg ikkje kjem frå noken vinterfamilie, men no kan det ikkje vera lenge igjen.
Mammo hadde iallefall funne snøklokker i bedet sitt! Da må vera eit godt tegn, og i mellomtida kan me kosa oss med noken fargeklattar på kjøkenbordet. 3 primula til kun 59,- på Fjord'n denne helga. Løp og kjøp.


Alf Inge har hatt sløyd. Det er ikkje så i gamledagar at me fekk gjera oss ferdige med ting. Brukar ein over tilmålt tid så får de delar med seg heim for ferdigstillelse. Noken som anar kva dette skal bli til slutt?



Ønsker alle ei fin helg.

søndag 14. februar 2010

Litt om ingenting


Inpirasjonene er ikkje på topp om dagane. Er fortsatt i vinterdvale og ventar på vårteikn. Det positive er at når sola dukkar fram, kjenner me no at ho begynnar og varma litt. Vanndråpar som sildrar ned frå tak er ein herlig lyd. Er ikkje så kravstor egentlig :)
Var eit par dagar på Solstrand i nydelig vær, berre forestill dåke kor herlig det hadde vore om ikkje snøen låg der.....


Aina Karin har mista tann! Stor dag og tanna var midpunkt. Då måtte det berre skje til slutt, ho mista tanna oppi teppe. Me brukte sikkert ein time på å finna ho igjen.


Treningskalenderen over januar blei ikkje så hakkande gale, føre tatt i betraktning. Noken dagar var det med livet som innsats og eg kan takka høgare makter for at lårhalsen fortsatt er inntakt.

Ønsker dåke alle ei fin veka og enda fleire vårteikn.

lørdag 30. januar 2010

Listefreak, det er meg

Eg skal komma med ein tilståelse. Eg elskar å skriva lister, lister for det meste. Når eg har lite tiltakslyst så er de ganske så detaljerte. Viktig å ha noke som kan strykast ut ;) Om alt blir gjennomført er ei anna sak.



Det er lite tess i meg nå i vintertida. For ein vinter, den tar jo aldri slutt :( Eg gledar meg til lysare kvelder, smårydding i hagen og sommarklargjering.
Ser ut som eg må venta enno ei tid, snøen lavar ned igjen :(

tirsdag 19. januar 2010

Lengtar etter vår

Eg er absolutt intet vintermenneske. Eg kan ikkje fordra snø,is og kuldegrader. Synes ikkje det er koselig med snø på juleafta eingong fordi eg veit at me då må slita med den i vekevis framover. Nei fysj og fysj. Gje meg sol og varme, iallefall mildvær, då kjeme humøret seg litt.


Aina Karin synes det er stas då. Ski, skøyter, kakao og tur. Oh yeah, dette er moro. ;)


Alf Inge er nok meir på linje med mammo og onklane sine. Har vel fått han med på skøyter ein gong, mens snøleik var litt spennande de første vekene. trur egentlig me er metta heile gjengen og vel så det.......


Nei no må me sjå framover, det går mot lysare tider og me gledar oss til dagen får litt fleire timar. I mens får me prøva og muntra oss opp med noken fargeklattar i stovo. Det er iallefall tulipantid!

torsdag 7. januar 2010

Nye mulighetar


6.januar og 13. dag jul, er det tradisjon for å gå julebukk her hos oss. Aina Karin fekk gå saman med venninna si og broren hennar. Mammo deiras hadde kledd dei å fint opp og dei trossa kulden og song så fint atte. Kjempekjekt. "Fangsten" var heilt enorm og utrulig kjekt at så mange har forberedt seg på besøk.



Men så er det berre å ta seg saman. Drikka vatn og eta sunt. Måtte berre ha desse to flaskene med Voss-vann, men hjelpes for ein pris. Det kostar å vera på nivå med feks. Madonna he,he.
Kr.79,- og 29,- pr.stk. takk!

Så var det tid for å holda nyttårsforsettet. Ha med nistepakke på jobb! Eg gjekk i gong og baka t-briks. 2o stk. Klissa,heva og steika. Tok ein heil ettermiddag.


Og dette vart resultatet. 8 små t-briksar. Første brettet blei svidd til de grader. er ikkje vane med bakst så skal steika nærmare ein time, då gløymer jo eg det ut. Men,men de blei steikande gode dei så blei etande då.....


Ønsker alle varmare dagar enn i dag.........

fredag 1. januar 2010

Nytt år



Aldri har eg opplevd så mykje i løpet av eit år som i 2009. Året vil bli prega av at pappa gjekk bort, og at me mista mommo to veker etterpå.
At Gudmund fekk hjernehinnebetennelse og at me nesten mista han, er også ein opplevelse eg ikkje vil gløyma og noko eg ikkje unner min verste fiende.
Det blei mykje sykehus i løpet av 2009.

Eg har også noken fine minner frå året.Me hadde også eit eventyrlig bryllup 08.08.2009. Eit nydelig brudepar og alle storkoste me oss.

17.12.2009 på besten sin 91 års dag så blei eg endelig tante til lille Inge. Dette har eg sett fram til lenge, og gleder meg til mange fine stunder saman me han.

Året 2010 står ubrukt foran oss. Mykje vil det bringe, og forhåpentligvis fine minner. Barnedåp og bryllup står på menyen foreløpig.


Godt nyttår til dåke alle.