mandag 13. juni 2011

Pinsehelga vår


Aina Karin har endelig fått vore på campingtur i nye vogna til Ingunn og Tor Petter. Dette har vore planlagt i snart eit år, og i pinsehelga passa det. Benjamin og Stefan har tatt ansvar og snuppa har hatt ei kjekke helg. Veret var heilt topp for camping, og fredag for turen til Kinsarvik.


Masse bading, både i Mikkelparken og i bassenget på Hardangertun. Ein flott plass som eg vil anbefala til alle med småbarn, som blir stressa av desse store parkane,der halve dagen går med til å stå i kø. Gutane er så flinke med snuppa. :))


Alf Inge og meg nytta sjansen til å reisa til Stord og besøka Anne Sofie. Lunsj på Frugård, og litt shopping blei da sjølvsagt. Anne Sofie diska opp med god mat, og masse snop der me låg på kvar sine sofaer og såg siste sesong av NCIS. Nokon geocachar blei det også, me var vel ute tre turar. Rart kor gira ein kan bli på noke slikt.............

Deilig med atter ein fridag i dag, sola skin og solsenga på plass. No skal det nytast!

1 kommentar:

Anonym sa...

Kosa oss skikkeleg:)