fredag 15. mai 2009

Årets første


Årets første jordbær er fortært. Åh du og du kor godt det var. Me storkosar oss i sola og nyter dagane til fulle. Herlig å tilbringa tida ute i hage og på terrassar. Kan livet bli bedre?



Det begynnar å fyllast opp med blomar i de fleste urner, bed og kassar. Når eg endlig er ferdig så kjem eg av ein eller annan grunn heim med stadig nye korger eller krukker. Det er jo så mykje fint, og hagebudsjettet blei sprengt i år og.

Min snille nabo


Min flinke nabo har laget dette nydlige smykket til meg. Eg kjøpte eit lignande på Lindex for noken år siden, men det var ødelagt og slitt. I tilegg så eira det såpass mykje at eg alltid blei grønn rundt halsen. :(
Men smykke var tøfft og naboen klarte å laga eit likt til meg i sølv.
Det var så flott og eg blei så fornøyd. Tusen,yusen takk Wenche, du er rå på å laga flotte fine smykker. Sjekk sida hennas her.

Ser ikkje ut som eg klarar å få inn linken, men her er adressa:
http://www.123hjemmeside.no/wenches-smykkedesign



Men ho er veldig snill mammo mi og. Ho og han far var på ein snarvisitt i veka, og då var eg rasande snar til å finna fram strykejern,brett og bunadskjortene. Ingen stryker dei som mammo, og eg fekk plutslig ein heil ettermiddag til overs.

Eg kan rett og slett ikkje stryka, må berre innrømma da. Eg har tre venninner som eg byter på å lokka med ymse for å få dette gjort når ikkje mammo er i nærleiken.
Men, men nå er det eit år til neste gong dette problemer dukkar opp, er berga i år.


God 17. mai til dåke alle!

lørdag 9. mai 2009

Pynt på trappa



Eg har leita lenge etter denne her, men den minste utgåva har vore utsolgt der eg har sett. Men på BoGrønt i Etne fant eg den endelig. Må kanskje ha ein litt meir fargerik blom oppi, men då må det bli litt varmare i været. Her er det fortsatt kaldt. Brrr.


Eg har ein vegg i stova der eg har prøvd å samla anene mine. Her er oldeforeldre,besteforeldre og foreldre generasjonen. Litt artig å kunna sjå likheten mellom eigne ungar og anene deiras. :)


Sol,sol kom igjen,
du er min beste venn.
Vekk med skyer og paraplyer.....


torsdag 7. mai 2009

Puter,puter og enda flere puter


Når eg først fekk henta fram symaskina, så var det ikkje måte på kor produksjonen auka på. Trur det blei 14 putetrekk ut av stoffet eg kjøpte hos Stoff og Stil. Har nok ikkje brukt for fullt så mange....

Dei brune skal brukast i hagegruppa nede i hagen, dei med grønt bakstykke på terrassane oppe, og dei med raudt blir brukt på framsida.
Iallefall er det planen. No er det så surt og kaldt ute, at det føles som me er tilbake i februar. :(

Men putene blei fine og fargerike, skikklig gladputer som eg gledar meg til å bruke i sola.Kanskje noken ønske seg noken til bursdagar? (Hint,hint).




Ønsker alle ei fin og varm helg.

lørdag 2. mai 2009

Storproduksjon


Dagen i dag har eg brukt til å sy nye puter, mange puter. Planen har vore å laga nye til utemøblane, men med alle de flotte fristande stoffa, så blei det noken til salongen inne også.



Desse to typane blei produsert i dag. Så nå har eg pynta på sitteplassen utanfor inngangspartiet og i sofaene inne. Blei kjempefornøyd, og overraska over kor enkelt det egentlig var. Nå er det berre resten igjen....



Så smått begynna å planta litt. Var til Stord igår, og der var hagesentrene åpne siden det var 1. mai. 4 store posar med ulike sommarplante blei med over til den rette sida av fjorden.
Me har samla på boksar gjennom vinteren, ergo så har me hatt det til middag 3 gonger og det er utrulig tatt i betraktning kor dårlig eg synes det smakar.

Her har me alltid hatt knollbegoniar, men i år tenkte eg å prøva med margerittar. Tanken var å berre ha kvite blomar i år, men med alt det fristande som var å oppdriva blei den planen kanselert ganske så snart.



Ønsker alle ein fin lørdagskveld.