fredag 31. januar 2014

Nytt år, nye muligheter


2014 er godt i gang, og livet tar atter ein ny vending. No blir me samboarar, og då me me ha nytt dørskilt. Stilig, ikkje sant?


Eg likar fortsatt ikkje vintermånadane, og no er det nedtelling for fullt til me reiser til Playa del Ingles 15. februar. Can't wait!


Nytt år betyr også eit nytt og bedre liv. Ikkje nokon store endringar der, og begynnelsen har vore fin. 80 km. har me tilbakelagt på treningsturane våre. Klapp på skuldra til meg sjølv.

Må 2014 bli eit fantastisk år for alle og einkvar.

søndag 29. desember 2013

Jul 2013





Believe it or not, men det blei jul i år også. ;) Sjølve julafta blei feira heima hos mammo i lag med svigerinna mi sin familie. Me fekk ei kjempekoslig julafta. Litt reising att og fram høyrer med hos oss i julehelga, også i år. Nabofesten som går på omgang hos våre foreldre er alltid ein suksess, og i år var me 38 stk. med stort og smått. Knallkjekt. :)


Pakkane frå oss blei sjåande slik ut, elsker å dille og dalle med innpakkinga. :)

Snart står eit nytt år for døra, lurer på kva det vil bringe........


Godt nyttår til alle saman!

onsdag 4. desember 2013

Førjulstid



Adventstida er ei tid eg alltid har likt. For første gong er det komme pakkekalender i huset,  men eg kan nok ikkje ta æra for den. Måtte ein kjæreste til ja. ;)





Eg likar tradisjonar og jula prøver me å få så tradijonell som mulig. Julahuset frå onkel Ove er på plass 1. søndag i advent, og også  i år fekk det plass på kommoden, og med snø på taket.



Heimalaga gnomar,pute og duk høyrer med. Adventstakar vekslar eg litt på, og i år blei da "espressokoppar" kjøpt på Svingen Møbler på Tysnes, i sommarferien.


Uteelys høyrer med, og ikkje farga lys. Ikkje lett å sjå, men melkespann fyllt med kvistar og lys, samt eit røveritokt som endte i eit lite julatre på rot, med lys sjølvsagt. Blei så koselig atte.:)

Ønsker alle ei fin adventstid!

fredag 15. november 2013

Long time, men mykje nytt...


Blogginga er nedprioritert for tida. Manglar kamera, så kun noken dårlige iphonebilder i vintermørket. Men eg veit det er fleire som ventar på resultatet etter renovasjonen av stova, og det er verdt å venta på. Blei så fint, og me blei så fornøyde. Litt spennande om gulvet blei i mørkaste laget, men det blei heilt perfekt.


Mykje luft rundt møblane, da likar eg. Av ein eller annan grunn så snike det seg inn litt pynt og dill litt etter litt. Men no er det perfekt! Skal flytta litt på ei lysekrone, når det er gjort så skal de få sjå bilde av siste delen av stova. 


No står det litt fornying av kjøkenet for tur. Har fått nye frontar til Faktum-kjøkenet mitt, men manglar håndtak og benkeplate. Turen går til Ikea i kveld så det er ikkje lenge før det er  klart der no:)
Vil minne alle som vuderer å kjøpa deler til Faktum frå Ikea, at det må bestillast på nettet og er tilgjengelig til mai 2015 (trur eg det var, men sjekk for sikkerhetsskyld). Får ingen delar på Ikea lengre :(
 





søndag 7. juli 2013

Livstegn


Sommaren er her innimellom, men kva gjer vel det? Nyter livet med mine håpefulle og kjæresten. Livet er lysare enn på lenge, og eg gleda meg til framtida. 



Lett sommarmat, grillen i flittig bruk. Fråtsar i jordbær, melon og anna snacks.


Ein av favoritt dessertane, i tilegg til jordbær. Mumse,mumse.
 

fredag 24. mai 2013

17. mai






17. mai er vel overstått. Dagen blei som tradisjonen tilseier, tog,skuleplass,mat og is og avslutning i kulturhuset. Veret er like spanande kvart år, og i år høljregna det. Var kjempekoslig at Anne Sofie, Robert og vesle Nicolai ville tilbringa dagen med oss. Så koselig atte.

mandag 1. april 2013

Påske og sol, i bilder


Må dela desse fine påskebildene som eg har fått på mms i løpet av påskedagane. Har vore alldeles nydelige påskedagar og påskevær. Fått med meg da mesta ei påske skal innehelda. :)


I måro er det kvardag igjen og tilbake til jobb og skule. Men ikkje så lenge til mai, og fridagar på rekke og rad igjen. Trur eg er skapt for vår,sommar og sol. Nyter dagane. :)