onsdag 4. desember 2013

Førjulstid



Adventstida er ei tid eg alltid har likt. For første gong er det komme pakkekalender i huset,  men eg kan nok ikkje ta æra for den. Måtte ein kjæreste til ja. ;)





Eg likar tradisjonar og jula prøver me å få så tradijonell som mulig. Julahuset frå onkel Ove er på plass 1. søndag i advent, og også  i år fekk det plass på kommoden, og med snø på taket.



Heimalaga gnomar,pute og duk høyrer med. Adventstakar vekslar eg litt på, og i år blei da "espressokoppar" kjøpt på Svingen Møbler på Tysnes, i sommarferien.


Uteelys høyrer med, og ikkje farga lys. Ikkje lett å sjå, men melkespann fyllt med kvistar og lys, samt eit røveritokt som endte i eit lite julatre på rot, med lys sjølvsagt. Blei så koselig atte.:)

Ønsker alle ei fin adventstid!

Ingen kommentarer: