fredag 30. mars 2012

Påsken kommer

Påsken kjem, om ein vil eller ikkje. Årets busk foreviga iallefall.

onsdag 14. mars 2012

Det humpar i vei...


Energinivået er på botn for tida. Starta med trening igjen forrige mandag og klarar opplegget mitt der, men det er stort sett alt som blir gjort. Starta på eit strikkeprosjekt, godt å ha noke mellom nevane når tankane kjem sigande på kveldstid. å får me sjå kven som blir "the lucky winner", og får baby når det blir ferdig....

Gledar meg til Ingunn kjeme ned i nabolaget, blir godt å få ho i gåavstand. Takk Gud for gode venner og naboar i denne svarte tida, de prøver så godt de kan. Sjå den nydelige puta Bente kom innom med i går. Ho får jo til alt når det gjeld strikketing, glad ho er nærmaste nabo når eg startar med strikkeprosjekta mine.

fredag 9. mars 2012

"The show must go on"



Det er vanskelig, veldig vanskelig å prøva å leva vidare utan Karsten. Det har nok ikkje gått opp for meg at han er vekke, borte for alltid. At eg aldri meir skal høyra stemma hans, aldri få ein bamseklem eller telefonen frå han mens han var på vei heim frå jobb. "The show must go on", sangen har han valgt ut sjølv, men me måtte spela den 60 år for tidelig....

Livet går vidare, bussane går, skulane er opne og folk rund meg fungerar. Eg går på autopilot, sover, ete, stelle med ungar, går på jobb og alt det om blir forventa av meg. Men hovudet er ikkje med enno, eg berre er her, slik føles det iallefall.

Fekk ein nydelig overraskelse av eldste bror Steinar og kjæresten hans, Elisabeth i posten i dag. Blir så rørt av av trøst,omsorg og fine ord på kortet.

Konfirmasjonen nærmar seg. Eg skal klara å laga ein fin fest til Alf Inge. Invitasjonar og serviettar er komme i hus. Eg gleda meg til denne feiringa, men no er ikkje entusiasmen på topp lenger. Men konfirmasjon skal det bli.


lørdag 25. februar 2012

Sorg og svarte dagar


Det er ubegripelig det som har skjedd. Det er svarte dagar, dominert av sorg,savn og sinne. Mange føler med oss, og veit ikkje kva dei skal gjera for å letta dagane for oss. Omtanke og klemmar er aldri feil, og me skjønnar at det ikkje er lett å vera rundt oss i desse mørke dagane.


Et liv kan ha lyse dager,og mangen dager er grå,men det er i sorte dager at livet befinner seg nå.

Du må ikke tro du kan trøste,dertil er sorgen for stor,men gi meg noen lyse minutter hvor smilet og latteren bor.

Du må ikke tro du kan lindre,ingenting lindrer mitt sår,men ta meg med,midt i sorgen dit hverdagen fortsatt rår.

Du må ikke tro alt er over,selv om jeg smiler og ler,for døgnet har mange minutter og timer som ingen ser...

♥ Savnet er kjærlighetens pris ♥

Takk for alle blomar, klemmar og omtanke.
Takk til alle som er der for oss.

fredag 17. februar 2012

Min kjære,kjære lillebror

Blei så tragisk reve bort frå oss 7.februar i ei meiningslaus trafikkulykke. 36 år gammal, i starten på familielivet.Rusa bilførar kom i feil kjørebane og drepte vår kjære Karsten. Ord finn eg ikkje i denne svarte tida, omtanke til kone, barn og veslejenta som aldri får treffe pappaen sin. Mamma som har mista ein herlige sønn, me som har mista vår kjære lillebror.Det finns ikkje noko rettferd i dette, han var berre på vei til jobb ein vanlig tirsdag i februar......

No er tivoliet over... (Nordstoga)

tirsdag 31. januar 2012

Vinterpynta


Vinteren er her for fullt. Ikkje mykje anna å gjera enn å venta på lysare tider. Pynta opp i stova så godt som me kan, og me har et enormt forbruk av talgalys for tida.Lunt og koslig inne, einaste positive med denne årstida. ;)


I sofakroken er den beste plassen om kveldane. Litt håndarbeidssyssel foran tv, men pc'en lett tilgjengelig. me har det godt. :)



Nydelig søndag i går, og kulturskulebygget (som i følge enkelte, er rota til alt vondt i kommunen vår) reiser seg jevnt og trutt. Blir eit staselig bygg som forventast å opna til jul. Gledar meg. :)

I måro skrive me februar, og takk og lov for da, eit steg nærmare vår og sommar......

tirsdag 24. januar 2012

5 generasjonar


Er me ikkje heldige? Vesle Nicolai på fanget til tippoldefar, som sit ved sidan av oldemor. Mommo og mamma i bakkant. 25.november 2011 kom den vesle, og no ser me fram til å treffast på dåpsfesten den 5. februar. Barnebarn er moro. :)