Det er ubegripelig det som har skjedd. Det er svarte dagar, dominert av sorg,savn og sinne. Mange føler med oss, og veit ikkje kva dei skal gjera for å letta dagane for oss. Omtanke og klemmar er aldri feil, og me skjønnar at det ikkje er lett å vera rundt oss i desse mørke dagane.
lørdag 25. februar 2012
fredag 17. februar 2012
Min kjære,kjære lillebror
Blei så tragisk reve bort frå oss 7.februar i ei meiningslaus trafikkulykke. 36 år gammal, i starten på familielivet.Rusa bilførar kom i feil kjørebane og drepte vår kjære Karsten. Ord finn eg ikkje i denne svarte tida, omtanke til kone, barn og veslejenta som aldri får treffe pappaen sin. Mamma som har mista ein herlige sønn, me som har mista vår kjære lillebror.Det finns ikkje noko rettferd i dette, han var berre på vei til jobb ein vanlig tirsdag i februar......
No er tivoliet over... (Nordstoga)
No er tivoliet over... (Nordstoga)
tirsdag 31. januar 2012
Vinterpynta
Vinteren er her for fullt. Ikkje mykje anna å gjera enn å venta på lysare tider. Pynta opp i stova så godt som me kan, og me har et enormt forbruk av talgalys for tida.Lunt og koslig inne, einaste positive med denne årstida. ;)
I sofakroken er den beste plassen om kveldane. Litt håndarbeidssyssel foran tv, men pc'en lett tilgjengelig. me har det godt. :)
Nydelig søndag i går, og kulturskulebygget (som i følge enkelte, er rota til alt vondt i kommunen vår) reiser seg jevnt og trutt. Blir eit staselig bygg som forventast å opna til jul. Gledar meg. :)
I måro skrive me februar, og takk og lov for da, eit steg nærmare vår og sommar......
tirsdag 24. januar 2012
5 generasjonar
søndag 22. januar 2012
mandag 16. januar 2012
Nyttårsforsett...
tirsdag 3. januar 2012
Nytt år, nye mulighetar
Abonner på:
Innlegg (Atom)
