lørdag 2. juli 2011

Sommar



Dette har me venta på lenge. Ettermiddagen skal tilbringast på stranda. Deilig. :))

fredag 1. juli 2011

Juli


Sommaren lar venta på seg, men ennå har eg ei arbeidsveke igjen før ferie. Berre sola kjeme neste helg og varer i fira veker så skal ikkje eg klaga.
Dei to peonblomane måtte utnyttast til "the bitter end". Regnet holdt på å slå dei i bakken, så då fekk dei ein ny sjanse inne i stova. Fortsatt like nydelige.


Juni er over, treningskalenderen blei fyllt denne månaden også. :))


God helg til alle!

mandag 27. juni 2011

Sommar



Sommaren er her fordi om sola uteblir! Blåbæra er komme ned i skogen, og jordbæra er på plass i marka. Herlig med gladjenta vår som plukkar og plukkar. (Fortsatt har eg blåbær i frysen frå i fjor).


Så snart eg ser ein solgløtt så prøver eg å nyta den. Eg har faktisk fått skille på klokkearmen. :))

lørdag 25. juni 2011

Peon



Jippi, eg klarte det. Endeleg, etter å ha prøvd og feila i mange år, så har eg fått to fine blomar på eigen busk. Nydligaste blomane eg veit om, og naboen har planta peoner som hekk inn mot meg. Eg håpar eg kan fråtsa i peoner neste sommar. :))

søndag 19. juni 2011

Bergtatt i Hardanger




Endelig var dagen komme. Heile, halve bygda har vore inolvert i dette spektakulære prosjektet til Ian Garlant. Ei enormt dugnagsprosjekt som det har vore arbeida med det siste året.
Det var duka for champagne og trollsk stemning nede på Klubbatåo.


Trommerytmer ønskte besøkande velkommen, og små alvar dansa til passande musikk. Utrulig fin oppleving. Utstillinga vil ha offisell opning på jonsokafta i Gamle Skulen. Der vil den stå i ca. ein månad før den skal vidare til Bergen og forhåpentligvis England etter det igjen.


Håpar så mange som mulig tar seg tid til ein tur den neste månden og støttar opp om prosjektet.

mandag 13. juni 2011

Pinsehelga vår


Aina Karin har endelig fått vore på campingtur i nye vogna til Ingunn og Tor Petter. Dette har vore planlagt i snart eit år, og i pinsehelga passa det. Benjamin og Stefan har tatt ansvar og snuppa har hatt ei kjekke helg. Veret var heilt topp for camping, og fredag for turen til Kinsarvik.


Masse bading, både i Mikkelparken og i bassenget på Hardangertun. Ein flott plass som eg vil anbefala til alle med småbarn, som blir stressa av desse store parkane,der halve dagen går med til å stå i kø. Gutane er så flinke med snuppa. :))


Alf Inge og meg nytta sjansen til å reisa til Stord og besøka Anne Sofie. Lunsj på Frugård, og litt shopping blei da sjølvsagt. Anne Sofie diska opp med god mat, og masse snop der me låg på kvar sine sofaer og såg siste sesong av NCIS. Nokon geocachar blei det også, me var vel ute tre turar. Rart kor gira ein kan bli på noke slikt.............

Deilig med atter ein fridag i dag, sola skin og solsenga på plass. No skal det nytast!

torsdag 9. juni 2011

Pølser i lange banar




No er det avslutningar opp,ned og i mente. Felles for de fleste er at me skal ta med grillmat. Eit godt tips er å kjøpa ein pakke grillpølser og pølsebrød, og frysa ned posrsjonspakningar. Treng du tre pølser i slengen, så frys ned tre pølser og tre brød. Då er det raskt å ta med ein pakke frå frysen, om du som meg, rett som det er gløymer å kjøpa inn og står på Rema i siste liten. (Ofte er det utsolgt. *erfaren*).
Det blir fort mykje pølser i desse dagar, men eg har prøvd å ha med anna grillmat, men på små eingongsgrillar har eg ikkje funne noko som er blitt ein suksess enno.
Noken som har tips?


Avslutning for 1. trinnet i Borvika. Kjempeflinke klassekontaktar sørga for ei flott stund for både store og små. No nærmar det seg ferie. :))