tirsdag 4. oktober 2011

Mofongo




Etter å ha lest alle bøkene til Cecilia Samartin i haust, så måtte eg låna kokeboka også. Mat og verdien av store fellesmåltid saman med familie og venner har høg prioritet i siste boka, Mofongo. Eg kjente lukta av alle grytene, og rumling i magen kvar kveld eg leste på senga.

Oppskriftene var prøvd tilpassa det norske kjøken, men eg veit ikkje heilt, det er ikkje mykje eg ser for meg at eg kan laga. 1 smågris og 1 ts. salt liksom.....

Men det var oppskrift på ein ting som heiter Sofrino. Eg såg for meg at den kunne vore godt til pastasaus, og tilpassa basen etter det eg hadde i kjøleskapet.

1 dl. olivenolje
2 løk
4-5 fedd med kvitløk
1 paprika
salt og peppar

(Du kan egentlig tilsetta smakar du likar som oregano, hakka oliven, mais osv.)

Fin hakk løk og paprika, fres det i olivenolja. Tilsett 1 boks med tomater og du har verdens beste pastasaus. Scmakar godt. :)


Trenigsoversikt for september. Med unntak av ei veka der eg var sørpa forkjøla og redusert med vond hoste i "evighet" etterpå, så må eg sei meg fornøyd.


September er som vanleg ein travel måned. Altanar og uteområder skal ryddast og klargjerast for vinteren, inn i mellom regnbyene. Kveldane er opptatt med møter i hytt og pine. No trur eg det verste er over, og ser fram til å begynna å laga koselig hauststemning inne.

2 kommentarer:

Margrethe sa...

Heilt utrolig hva du får unna Anita :-) Her står det meste i stampe.
Skal prøve den pastasausen din. Høres ut som det er like lurt å la deg gå gjennom oppskriftene i boka, så leser jeg heller bloggen din enn den.
Må med skam melde at jeg ikke har kjøpt boka inn i biblioteket enda.
Skal jeg la det være?

Anita sa...

Eg veit egentlig ikkje kor aktuellt det er for andre å låna kokebøker. :P Trur ikkje den vil trona øverst på utlånstoppen. ;) Grei nok bok, litt små historiar innimellom, men eg trur dei som har interesse av boka velger å kjøpa den sjølv :)