onsdag 16. februar 2011

Toppen på optimisme?


Me er over halveis i februar, og det er tid for vår no. Primular og tulipanar er dagligdagse innslag i heimen. For ei tid me har i vente, gleder meg!


I helga var me på hyttetur, Christin, Ingunn og meg. De minste var med og her er me på vei for å cache litt. Det er nesten som turorientering, berre at me brukar gps i stadenfor kart, og målet er små boksar som er utplassert på angitte koordinatar. Ungane synes dette var kjempekjekt, og kampen var stor for å finna "skatten" først. :)


Her er Tormod, Vegard, Aina Karin, Benjamin og Stefan på "cachetur".


Som sagt er eg klar for vår, og kjøpte meg nye fine sandalar til våren. Ikkje mykje glede her i huset når me våknar opp til 15 cm. nysnø. Men eg er optimistisk og håpar eg kan ta dei i bruk ganske så snart. Gleder meg :)

4 kommentarer:

Anonym sa...

håper du snart kan bruka sandalane. er redd du må venta litt ser det ut til

Anonym sa...

Håpar dåke hadde ein kjekke tur! =) Blei litt oppgitt her og når da begynte å snø igjen.. blir bra med sommar og sol! =D Klem frå Stord

rod i hob sa...

Hyttetur hørtes veldig kjekt ut :-)

Snøen kan godt bare forsvinna laaaangt vekk!! Eg e og klar for vår, sjølv om sandalane ikkje e på plass endå...!

Ha en fine kveld!!

Anonym sa...

Kjekt med hyttetur, og det skal snart gjentas:)) No får vel eg og snart mine sandaler så då kan me ut å trippa i lag. Tihii...

Klem Ingunn..