fredag 3. desember 2010

Nib-utfordring: Jul i vårt hus


Årets nyhet i huset er strikka julekuler. "Alle" strikkar desse og det er jo litt kjekt med noke nytt. Eg er ganske så konservativ når det kjem til julepynt, men sidan eg kun hadde blått og kvitt garn liggande fekk det bli dei fargane.


Julepynten eg har er enten fra forrige århundre eller så er den sjølvlaga.Strikka gnomar har fått plass med sida av juleputa mi. Duken broderte eg den hausten eg gjekk med Alf Inge, så den er 13 år gammal i desse dagar.



Også julahuset eg fekk av Onkel Ove. Har hatt da i noken år no, og det kjem fram til advent. Er blitt veldig glad i huset mitt, sidan det kun er fire utvalgte som har eit slikt. Eg kjempar for at han ikkje må begynna med masseproduksjon av desse. :))

2 kommentarer:

Thelma Louise sa...

morsomt dekorasjon.:-))

Anonym sa...

Kjempe skjønne julekuler du har strikka!! =) Blei veldig stilig =)
Klem frå Stord