17. mai er vel overstått. Dagen blei som tradisjonen tilseier, tog,skuleplass,mat og is og avslutning i kulturhuset. Veret er like spanande kvart år, og i år høljregna det. Var kjempekoslig at Anne Sofie, Robert og vesle Nicolai ville tilbringa dagen med oss. Så koselig atte.
fredag 24. mai 2013
mandag 1. april 2013
Påske og sol, i bilder
Må dela desse fine påskebildene som eg har fått på mms i løpet av påskedagane. Har vore alldeles nydelige påskedagar og påskevær. Fått med meg da mesta ei påske skal innehelda. :)
I måro er det kvardag igjen og tilbake til jobb og skule. Men ikkje så lenge til mai, og fridagar på rekke og rad igjen. Trur eg er skapt for vår,sommar og sol. Nyter dagane. :)
lørdag 30. mars 2013
Påske i heimen
Har vore heima hos mammo ein tur i påska. Kjekt å tilbringa litt tid med min bror, nevø og nieser. Palmehelga blei tilbragt med eigne ungar og barnebarn. Heldigvis er eg så heldig at eg fortsatt får påskegg av mammo mi, (eller eg må vel egentlig grina meg til det)......
Påskebusken i stova. Blir mindre og mindre pynt etterkvart som åra går.......
......og verdens styggaste heimalaga høner, eller nest styggaste. Dei styggaste står gøymt bak orkideane i vinduskarmen. ;)
God påske!
torsdag 21. mars 2013
Marius opp og ned, og i mente.....
Produksjonen har gått unna no på ettervinteren.
Bursdagsgaver til mine to små nieser er allerede i boks. Strikka i merinoull, på pinne 2,5. Tok si tid, men dei blei kjempeskjønne.
.....og Aina Karin ønskte seg ein i orginal fargar, så då blei da sjølvsagt slik til ho. :)
Påsken står for tur, og me er så klar for noken fridagar her i hus. I måro kjeme Anne Sofie og Nicolai, åhh så me gleda oss til å sjå dei igjen. Ei skam å sei da, men me har ikkje sett dei sidan syden turen. Mulig da komme eip påskabilde og to etterkvart, er iallefall planen. ;)
onsdag 6. mars 2013
Designspira
Eg klarte ikkje dy meg.Har lenge sikla etter denne Oslolampa frå NothernLighning og no står den endelig plassert i stova mi. Så fornøyd, med eit lite snev av dårlig samvittighet over prisen, men eg gjorde eit kupp! :)
Og når først huset skal fornyast med ordentlig design, så kunne eg ikkje motstå desse to frå Mugtail. Kom over dei på Buketten på Halsnøy til 2 for 1, så heile herligheten kom på kun kr. 149,-. Sånt er kjekt.
onsdag 20. februar 2013
Stova - vintere 2013
Kanskje ikkje dei største endringane, men det sniker seg inn litt nytt med ujeve mellomrom.Spisestovebordet har eg hatt sidan eg flytta inn her. Arvegods frå mommo og besten. Lurer på om det var kjøpt på auksjon på Baroniet i si tid.
Kommoden har og stått i huset i alle de år. Den er gute min sin og eit arvestykke frå farssida. Bildet over har eg fått av mammo mi som i si tid arva det etter ein onkel. Ei salig blandig av nytt og gammalt.
Sybord frå mamma blir brukt som skrivebord. Gammal ølkasse er det meininga at ledningar og modem etc. skal gøymast oppi, men det går no så som så......
onsdag 13. februar 2013
Hell i uhell
Fastelaven er overstått. Tradisjonen tru så kom Aina heim med fastelavensris. Fordelen me har så lenge me har skuleungar. :)
Aldri ein kjedelig dag i Anita sitt liv. Forrige helg sto bilen min fint parkert utanforbi huset. Av alle ting, så kom det ein tilhengar over hekken, nedover plenen og muren og smadra bilen. Me kan berre prisa oss lykkelig for at det ikkje var nokon utanforbi, eller at eg hadde bedt Aina setta seg i bilen.....Det blei IKKJE Stordtur den laurdagen. Me som hadde gleda oss til å vera barnevakt for vesle Nicolai. <3 p="">
3>
Bilen blei kondømt, heilt utrulig at ein bil på tunet kan bli så smadra. Forsikringsoppgjeret gjekk heldigvis greit, og seks dagar seinare hadde eg ny bil. Aldri så vondt at det ikkje er godt for noke....
3>
Abonner på:
Innlegg (Atom)


