lørdag 2. august 2008

Når katten er borte

Da danser musene på bordet. Mange år siden eg kjøpte nye håndtak for å bruke på dørene på garderobeskapa på soverommet,men det har blitt utsatt og utsatt.
Når mannen reiste til fjells og været blei bra,bestemte eg meg for å gå i gang.
Naboen hadde sparkel, og maling hadde me i boden.Håndtaka blei kjøpt på Ikea, kr.9,00 for 6 stk. Det blei veldig lyst og fint, nå er det berre resten igjen.

Me har hatt nokon nydlige dagar.Vært på stranda dag etter dag,men me hadde brukt for ein pause etter kvart, og då er det godt med det store bassenget i hagen. Til og med eg måtte oppi og dyppa meg litt.

Eg prøver så godt eg kan og passa på blomstrane i varmen.Det ser ut som det blir litt forskjellsbehandling.Begge står i idenstiske potter, men ser litt ulike ut, ja.

søndag 20. juli 2008

Vi har ein 4 åring i hus



Aina Karin fyllte 4 år 19.juli. Dagen blei feira som seg hør og bør, med stor Prinsessefest. Mange flotte gaver, og ho var storfornøyd med selskapet sitt.No er sommarens store begivenhet over, og vi tar ferie i nokre veker.


Ønsker alle ein solrik og flott ferie!

tirsdag 15. juli 2008

Rosa opp og ned, og i mente


Her i huset så nærmar det seg årets høgdepunkt.Me har snart ein 4-åring!
Med ei prinsessejente så må dette feirast, og det blir prinsessefest på lørdag.

Forberedelsane er i gang, og me må sjølvsagt prøva oss litt fram. Den rosa milkshaken blei perfekt. Den arva kenwooden lagte full kanne på under to minutt, heilt supert og kan ikkje samanliknast med blenderen frå Europris som me kjøpte i fjor.

Rosa "slushmaskin" har me fått oss. Alf Inge sitt høgaste ønske for tida.Kompromisset med lillesøster blei då at den måtte bli råsa, of course.

Sidan me har fått eit sommarbarn som har bursdag i ferien,blei det forskudd på feiring i barnehagen.Trur det viktigaste der er krona, krona med stor K. Ho var så stolt når ho blei henta den dagen.
Pappa har no tatt de håpefulle med på camping-tur.Trur han har pakka ein veldig tung sekk for det blei litt problem med balansen.Håpar de får ein flott tur, og ikkje må kjøra så langt for å finna sol.

Ønsker alle ein flott sommarferie.

torsdag 26. juni 2008

Gratulerer Anne Sofie og Robert


Med kjøp av tomt :) Noken som trudde det var noke anna no?
Me er så glad på dåkas vegne, dette kjem til å bli heilt supert!
Tomta er den heilt oppe til venstre på bildet, og hustypen er den nederste.Det blir så spennande og gøy for dåke at eg nesten er misunnlig.

lørdag 14. juni 2008

Arvegods

Da den gamle mixmasteren min tok kvelden,var eg så heldig å få arve denne Kenwood'en etter mommo. Endlig har eg ei maskin som kan røre smør og sukker kvitt på ett par minutter.

Her har eg for første gang laga kjeks, og det blei kjempegode "cookies". Følte meg som ei husmor tatt rett fra ein amerikansk film. Melk og cookies til de små etter skuletid.

onsdag 4. juni 2008

Enda meir fra hagen

Her kjem endå fleire bilder frå uteområdet. Me har jo tatt heilt av i år, og no kan Anne Sofie sjå kor fint det blir å komma heim til mammo og papen ein tur.Her er terrassen beisa,men fortsatt er det rot ser eg;).


Her kjem det platting til badebassenget. Har kjøpt et megastort eit,slik at me kanskje sleppe maset om strandtur kvar einaste dag det er opplett.Blei skikklig fornøyd, og bassenget blei nå dyrt nok til slutt. Platting,pumpa,varmeelement,trekk og rensemiddel. Men no er det klart,eller i allefall nesten klart. Har igjen å saga av plankane i bakkant og setta opp rekkverk på to av sidene.


Men flott blei det, og kaldt er det i vatnet foreløpig. Men du skal få bada når du kjem heim Anne Sofie, om du vil eller ikkje.Er iallefall eit par småtroll som gledar seg.

lørdag 31. mai 2008

Ny terasse!

Endeleg blei terassen ferdig.Det blei kjempeflott. Skulle berre hatt nye møblar no.
Ønsker meg ei sofagruppe i rotting, men sidan sommaren kom så tidlig no i vår, er det umulig å få fatt i no.
Tenke eg må smørja meg med tolmodighet og bruka det eg har før eg kjøper noke som eg ikkje blir fornøyd med.
Men det blei nå koslig likevell. Herlig å kunna sitte ute til langt på kveld og nyte sommarvarmen.