lørdag 2. februar 2013

I can do it, I can do it....


Eg har klart å strikka mariustunika, heilt sjøl. Har lenge sett på denne og har hatt så lyst å laga ein til vesle snuppa, og no har eg gjort det!
Synes den såg så vanskelig ut, så det har blitt med tanken lika til no. Har ei venninne som alltid har sagt at eg må ikkje lesa oppskrifta før eg begynna, og det er faktisk ikkje så vansklig når eg ikkje utpsyka meg sjøl på forhånd. Stolt er eg iallefall. :)


onsdag 23. januar 2013

Populært med gjenbruk


Det er in med gjenbruk for tida, og starta eit nytt og bedre liv 1. januar like så. Fant fram ei gammal sparebøsse heima hos mammo i jula, den måtte jo bli den "nye" felles sparebøssa i heimen.


Lysa frå HouseDoctor var så fine. Aberet er jo at talgen sitte som støypt etter at lysa er nedbrent. Fram med kniv, saks you name it, varmt vatn og zalo, så fekk eg de reine til slutt. No er de klare for telys.


Sidan eg er begynnt eit nytt og bedre liv, men minimalt med shopping (enn så lenge), så må eg like vel unne meg noke nytt. Denne koselige håndsåpa med Ludvig og Solan. Smelte!

 Skikklig kaldt og vinter her. Noke som krever at ein må vera med de håpefulle på isen. Tidlig mørkt, så vansklig å dokumentera skøyteferdighetene våras. Kanskje det er lika så grei?


onsdag 16. januar 2013

Lanzarote 2013



Vanvittig deilig med ei veka i varmen på denne årstida. Jula blei pakka vekk i full fart, og 4. januar reiste me til Puerta del carmen. Randi, Inge og Karete, Anne Sofie og Nicolai, Aina Karin og undertegna. Landa til mange varmegrader og solskinn. Flott leilighet med tre store soverom. Tre store bassengområde rett utanforbi døra. Bar og restaurant. Berre velstand. Me solte oss, shoppa, åt og drakk veka gjennom. Ungane var eksemplariske og da var me andre og. Knalltur :)

onsdag 26. desember 2012

Årets produksjon

Årets produksjon av heimalaga julepakkar blei ikkje den største, men det blei no noken.


Pr. i dag er eg full av idear til jula 2013, men erfaringsmessig så dalar den vel på ned når me kjeme til januar.

onsdag 19. desember 2012

Julatre 2012


Jula kom i 2012 også. Det blir ei vanskelig og vond jul, men me må fokusera på de håpefulle og gje dei det dei fortener av kos og julefeiring. Savn og lengsel blir endå meir forsterka og minnene strøymer på.Heldigvis har me mange flotte små som fortener ei flott jul.

torsdag 13. desember 2012

Believe it or not


Men eg har faktisk baka kakemenn og risbollar. :)


søndag 2. desember 2012

Så lenge varte jula.....




Så lenge varte julapynten på trappa i år......