fredag 30. november 2012

Litt jul


Jula kjeme vel i år og. Var med ei venninne og fant noken juletre som blei pynt på trappa. Julehuset frå Onkel Ove og adventstaken er komme på plass. Tar det litt etter litt. No er me klar for julehandel på Stord, og ei kjekke helg med alle de små. :)


torsdag 8. november 2012

Hjertefred 4. november 2012


Synes Hjertefred er et flott tiltak, og veldig takknemlig for de flinke jentene som steller i stand i vår kommune.I år var andre gang det blei stelt i stand, og det blei ei rørande og fin stund.


Mine tanker er hos mine kjære eg har mista og me tente eit lys for
Pappa,mommo og Karsten.


Tenkjer på deg,
kvart steg,
kvar dag.


Saknet er kjærleikens pris!

mandag 15. oktober 2012

Haustferien 2012


Desse to her gjekk å beita ned på bakken når eg var innom mammo i helga. Er nå litt artig og.


Forrige veka var det haustferie, iallefall for de håpefulle. Eg tilbrakte helga på Haukland Sjukehus saman med min nevø som var så uheldig å brekka lårbeinet for eit par veker sidan. Men makan til tapper liten gut trur eg me skal leita lenge etter. No er det full nedtelling og me kryssar alt me har for at den lille familien er heima i huset sitt igjen på fredag.


lørdag 6. oktober 2012

"Haustkos"


Haustkos i hermetegn, for eg likar definitivt ikkje denne årstida. Det blir mørkare og mørkare, litt koselig med jul og så noken laaaange månader før det blir lysare igjen. Eg elskar vår og sommar. Lange, lyse kveldar og dagane virkar dobbel så lange. No for tida er det liksom kveld ein time etter arbeidstid. ;) Snakk om å vera negativ.;)


Litt ny bordpynt på spisebordet hjelper nå på, og ein nydelig dekorasjon frå goaste Ingunn.

lørdag 22. september 2012

Verdens beste nabo


Trur eg har verdens beste naboar. Små omsorgsfulle drypp i kvardagen, eit fat med kjeks, bollar, middag osv. Det er så godt å ha noken i nærleiken som ein veit bryr seg når livet er tøft og vondt. Ei lita lyslykt eller ei heimalaga puta.  Det varmar så mykje og gjere så godt.


No går me inn i den mørke årstida, tida eg sjeldan klarar å gleda meg over. Men med verdens beste naboar så skal me komma oss gjennom vinteren i år og. :) Så fort som vekene går så er det faktisk snart vår i gjen. Tenkja positivt er viktig!

søndag 16. september 2012

Savnet

Savnet etter min kjære lillebror er enormt. Aldri meir høre stemma hans, småkjekla med han og få gode bamsekosar av han. Det er vondt langt inn i sjela og eg slite med å forstå og godta at han er borte. Eg vil ikkje akseptera eller godta det, eg vil at alt skal vera som før........


Flotte, staute, gode Karsten


Din godhet og glede vil for alltid bli i våre hjerter.

tirsdag 4. september 2012

Barnedåp


 


Søndag 02.09.2012 blei lille Karete døypt. Det blei ein verdig dåp med mykje følelsar involvert. Me koste oss i lag med knallgod grillmat og stort kakebord. Partytelt pynta til den store gullmedlje, altså alt som høyrer med var på plass.Min herlige familie samla og me veit å kosa oss i lag, sjølv om det i slike anledningar blir veldig synleg at ein stol står tom....

 Onkel Gudmund fekk æra av å vera gudfar, ei oppgåve eg er sikker på at han klarar veldig bra. <3>


 Farmor og dåpsbarn <3>

(Gaahhh, eg får ikkje til å laga mellomrom mellom bilda,derfor blir det litt tekst her og litt der :P)

Jentene i fine bunadar og eit av mammo,meg,Gudmund og Steinar. Neste dåp får me håpa at Gudmund står lika staslege som oss andre.