søndag 9. januar 2011

Nib-utfordring: Barnerom


Rommet til 6 åringen er ei blanding av hummar og kanari. Aller helst skulle både vegger og tak vore rosa. ;) Ho har ganske så sterke meiningar,så her er det Hannah-Montana, sjølvkomponert kunst og sjølvpynta sminkebord. Skoene er dei finaste ho noken gong har sett, og har sjølvsagt fått hedersplass på sminkebordet. :)

tirsdag 4. januar 2011

Nytt år, nye mulighetar


Jula kom og gjekk, det samme med nyttår. Ikje et brukandes bilde blei det fra iphonen, alle blei for mørke, men det er einaste eg har frå høgtida. :(
Tradisjonell feiring heima hos mammo blei da i år. Kjempekoselig når me er samla heile gjengen, og veldig kjekt med de to nye tilskudda i familien, men eg er glad eg no er tante og kan overlata ansvaret til andre. ;) Men for å sei da sjølv, eg trur eg er ei god supertante.


Heima på Netland har me no hatt tradisjon med nabofest i romjula for 14. gong. Trur det er komme 14 nye ungar og to bonusbarn sidan første festen, så korleis dette skal enda må gudane veta, men koslig å møtast det er det.



Så må eg nytta høve til å gratulera verdens beste Ingunn og Tor-Petter med sølvbryllupsdag i dag. Godt jobba folkens. :)

torsdag 23. desember 2010

Julepynt til pappa og mommo


Siste oppgåva på lista før jul, var gravpynt til pappa og mommo. Skulle så inderlig kunna gitt de noko meir, og savnet er fortsatt stort, spesiellt slike høgtidsdagar......

tirsdag 21. desember 2010

Julefreden senker seg


Treet er pynta, julegavene pakka og ein dag igjen på jobb før ferien...



God jul!

torsdag 16. desember 2010

Den store bursdagshelga


Fredag 17. desember fyller besten min 92 år, og mitt første tantebarn fyller 1 år.
Heilt utruleg så fort tida går, eg har vorre tante i eit år!


Den 20. november kom tantebarn nr. to, Isabel! Nydelig lita jente som eg gleda meg stort til å få bli kjent med.


mandag 13. desember 2010

Kjøkkengenet mangler

Når en kakebake baker......... da er det med livet som innsats i Bogsnesveien. Det er ikkje utstyret det står på. Kenwoodmaskin og to bollar som er i bruk desse førjulsdagane. For å ha de lett tilgjengelig så står det ein blank fin "steel bowl with handle" lett tilgjengelig på kjøleskapet.


Absolutt ingen god ide å plassere det den, for den datt ned i hodet på Aina når ho skulle setta melka på plass i kjøleskapet. Det blei pause i kakebakinga for då måtte me på legevakten å sy. Ganske så flaut når veslejenta forklarte at ho fekk bollen til mammo i hodet........



Men bakverket blei nå ferdigstillt til slutt :))



Ønsker alle ei fin førjulsveka.

fredag 10. desember 2010

Gått på en julesmell...


Eg har alltid vore et julemenneske. Elsker både jula og forberedelsane. Men noke er i endring, dei to siste adventstidene har vore tunge. Savnet etter pappa og mommo er stort, eg er blitt så emosjonell og av ein eller annan grunn har eg lett for å ta til tårene. Deilig er jorden er safe, då trillar de i store straumar nedover kinna. Eg klarar ikkje ta meg saman.....


Men eg må jo laga litt jul, og pyntar litt sjølv om det ikkje er med samme engasjementet som før. Det gjer det noke ikkje bedre med denne vinteren som kom før sommaren var over. Lykter og nednødde blomar på terrassen. Ja,ja no snur sola snart og då, då går det mot lysare tider med lange solfylte kveldar med vin i glaset. Ein må ikkje mista håpet iallefall. ;)

Kakemannane(hjertene) er bakt og foreviga.


Det einaste som er sikkert, er at det blir jul i år og.