onsdag 1. desember 2010

Ventetida er starta





Synes ikkje det er lenge sida me pakka ned alle julatinga, men det er altså 11 månadar allerede. No er det begynna å komma på plass igjen. Adventstaken fekk lilla lys i år, etter sterkt påtrykk frå kollegaen min om at advent er lilla og ikkje kvit. Eg lot meg overtala, og bytta ut dei kvite lysa eg først hadde kjøpt, og det blei nå ganske så bra.

Kalendarveggen på kjøkkenet er ganske lik som i fjor. Pollypocket til Aina Karin, og Flax til Alf Inge og meg. Me kryssar fingrane i år òg, nett som i fjor. Håpar me har meir flax i år. ;)

Pollypocketkalendaren var neste umulig å få opna lukene på, nesten som eg vurderer å bytta den. Andre som har samme problem?


Ønsker alle ei fin førjulsveka.

fredag 26. november 2010

Tradisjonen tru




Så er julahuset eg fekk av onkel Ove på plass til første helga i advent. I år blei det plassert på kommoden som har hedersplass i stova. Detta er andre året det er snø på taket, og eg vil mykje heller ha snø på julahuset enn på plenen i hagen. ;)


Er i det nostaligiske hjørna for tida, og heima hos mammo og papen hadde me alltid ei lita hodeputa oppå den stora når me budde der. No hadde mamma funne fram 7 sånne små broderte trekk som eg fekk med meg heim. Så koselig og i første omgang har de fått plas på to puffar. Dei er nesten for fine til å bruka som sengklær....

tirsdag 16. november 2010

Prikette prikk


Gjett kva me har fått i hus? Joda, endelig kom vannkoppane. Mange år sidan sist, men no har sistemann fått det og. Må oppdatera storesøs med bilder kvar dag. Ho er veldig flink og tapper, og glad for at mammo må vera tenaren hennas når ho er sjuk. ;p

lørdag 6. november 2010

Nib-utfordring: Sofakrok



Her er vårt bidrag til novemberutfordringen.


Her er min plass, der eg kosar meg med tv og håndarbeid om haustkveldane.

fredag 5. november 2010

Rydding i stoff


No har eg tatt meg sammen og begynnt å sortera og rydde opp i stoffsamlinga. Klippt og tilpassa, iallefall det eg har i grønfargar av gamle dynetrekk.


Eg har litt til overs, så om du er interessert i noko så send meg ein mail.
Eg har ein del i blåfargar også, men det får bli til neste oppryddingssjau. ;)

No skal stoffsida mi vera i gang, sjølv om den ikkje er så innholdsrik enno.


God helg til alle!

søndag 31. oktober 2010

Knask eller knep


Halloweenfeiring er jo eit nymotens påfunn her opp i nord, men den som er med på leiken må tåla steiken.....
Kamelar svelges med stor appetitt her i huset. Aina Karin har ikkje snakka om anna i heile helga, og ventar no berre på at mørket skal komma. Heldigvis har ho verdens beste storebror som har lovt å vera med ho ein tur i nabolaget.


Nachos er blitt den nye lørdagsfavoritten her i huset. Veldig enkelt og kjapt å laga, også smakar det knallgodt. Me brukar berre chips, kjøttdeig og pizzafyll, før me har ost på toppen. Enklare kan det ikkje gjerast.


Mykje maling som gjenstår enda, men stova begynnar å bli ferdig, iallefall ein vegg. :P Måtte spandera på meg desse som belønning for strevet:


Ha ei fin veke i haustveret, og husk at alt vær er bedre enn snø.

torsdag 21. oktober 2010

Godteri til helga


Har fått mange nye dynetrekk som eg kan kosa meg med å sortera i helga. Alt dette fekk eller fant eg når eg var heima hos mammo sist helg. Det var faktisk som å "frotsa" i ein godteributikk.


I helga tenkte eg å dela opp ein del, og klargjera for sying. Det var berre denne tida som ikkje strekker til. Planen er og å få til ei byttesida.



Her er det allerede komme snø og elendighet, heilt klart tid for innesysler.