torsdag 2. september 2010

Terningkast 6




Randi og Karsten



Me har fått vore med på ei uforgløymelig helg, og brudeparet var nydelige i heile sin bunadsprakt. Alt var perfekt og eg trur samtlige 82 gjester storkoste seg. God mat og mykje god drikke blei fortært.


Eg fekk æra av å laga dekorasjonar, og med 75 solsikker tigjengelig så blei det mange flotte dekorasjonar. Kjekt å få fråtsa litt.


Alle gode ønsker for framtida ønskes frå oss!

onsdag 18. august 2010

Endelig var dagen her



Aina Karin er klar for første skuledag. Ho har venta både vel og lenge, og gleda seg kjempemasse. Alf Inge begynnar på ungdomsskulen og har ikkje gleda seg fullt så masse, men etter litt overtalelse så fekk eg nå eit bilde av de begge to.




Nista smørte Aina Karin sjølv og pakka forsiktig ned i sekken som har vore klar i mange dagar. Veldig stolt over matboksen som ho har fått av daddo til bursdagen. Endelig så er det blitt kvardag igjen, og det er berre 189 skuledagar igjen til sommarferien.......


Her er intervju med skulejenta vår. :)

tirsdag 3. august 2010

Sommar 2010


Trur at eg er vokst opp med verdens finaste utsikt. Ingen plass er det så fint som på Netland i solskinn og Folgefonna som blenkjer i bakgrunnen. Mommo og Besten sitt hus på nedsida av veien og ferjer som kryssar fjorden.Eg må komma med ein tilståelse, eg er vanskelig å imponera når det gjeld utsikt.....


Bluesen i Skånevik er blitt eit fast sommarinnslag, så også i år. Hadde ei kjempehelg og ZZ-top leverte!


Blei nå jaggu meg noken timar i køståing på Årsnes på oss i sommar. Fattar ikkje at ikkje veiene kan gjerast klare før ferjekaien opna, men det blir vel bra i løpet av hausten. Det kan iallefall ikkje bli verre enn det var.....

Sommaren kom og gjekk, om to dagar er det skulestart i heimen og flagget til topps. Mellombror startar på ungdomsskulen og veslesnuppa i 1. klasse.

Kinsarvik


I år blei det tur til Mikkelparken i Kinsarvik igjen. Veldig grei park for de små, men litt i minste laget med aktivitetar for dei som nærmar seg tenåringsalderen.


Me var heldige og hadde oppholdsvær heile dagen, det er nesten eit must i ein slik park der det meste foregår utandørs. ;)


Onklane viser fram barnetekke sitt.


Fjordhotellet var barnevennlig og det var stort aktivtetsrom i kjellaren med personale mellom kl. 18.00 og 21.00. Supert! Når klokka nærma seg 23.00 så kom bardama med drinka til de håpefulle.Det var stas!


Nå er me inne i siste ferieveka og har ei jenta som gledar seg stort til skulestart, og ein som ikkje er fullt så begreistra for ungdomsskulestart.....

mandag 19. juli 2010

Aina Karin 6 år


Veslejenta fyller 6 år i dag. Ho har gleda seg i veker og månader til denne dagen, og endelig kom den. Dagen blei feira med familien heima hos mommo i går der me alle var samla. I dag begynnte festen på Peppes med vennene og fortsette med leik og moro i Bogsnesveien.

Gratulerer med 6 årsdagen!

søndag 11. juli 2010

Favoritt


Eg elskar jordbær, og no er sesongens bær modne. Kunne ete jordbær til frukost, lunsj, middag og kvelds. Ny favoritt av året, er masse vaniljekesam på toppen.


I'm in heaven!

søndag 4. juli 2010

Tålmodigheten sjølv


For første gong har eg klart å få blom på orkide igjen. Veeldig stolt no. Har ein til som det ser ut som eg får til igjen. Eg fekk mange orkidear når pappa og mommo døde, så det er veldig kjekt når eg får detta her til igjen.


Treningskalendar over juni blei det ikkje noke av . Nå er eg på 6. veka utan bad og heller på å bli sprø. Er det mulig å bu utan skikklig toalett og dusj med to ungar over så lang tid? Jo, på et vis så går det, men eg hadde aldri klart meg utan gode naboar og venner som stiller do og dusj til disposisjon døgnet rund. Men no begynnar tålmodigheten min å ta slutt, kanskje det blir ferdig denne veka.....



Ønsker alle ei fin og varm veka.