mandag 28. mai 2012
8 dagar i syden
Jepp, sidan forrige søndag har me hatt sydenstemning i Bogsnesveien. Huset har ikkje vore i bruk, me har budd ute. I dag ringte eldsteguten meg på mobilen frå hustelefonen for å høyra kor mammo var. Nei, no sitte eg på terrassen på oppsida. Så det er mange kvadratmeter som er blitt beisa denne veka, jysla kjedlig når de var dekka av gult pollenstøv i dag morges. Ja,ja det regnar vel vekk etterkvart. ;)
onsdag 9. mai 2012
Mykje følelsar i sving
I'm alive, men berre så vidt. Har vore noken tøffe veker. Først Alf Inge
sin konfirmasjon. Det blei ein flott dag, men strålande sol og sikkert
20 grader. Dette var første samlinga etter den tragiske hendelsen i
februar, og det var veldig tydelig at det var ein stol tom. Karsten var
gudfar til Alf Inge, men han hadde vore stolt over festen til guten.
Sannsynligvis ikkje fornøyde med maten, eg er utrulig bortskjemt med
Karsten som alltid tok styringa på kjøkkenet i slike situasjonar, og no
må eg klara meg sjøl.....:(
Abonner på:
Innlegg (Atom)