mandag 28. februar 2011

Byttekveld


Endelig fekk Vårglad tid til å ha byttekvelden som me har snakka om ei stund. Eg kom heim med noken spreke fargar og ventar no på at "ånda" skal komma over meg, slik at eg har noken spreke nye puter til våren kjem for fullt.


Desse trekka i blått og grønt har eg ein del av, og kan gjerne bytte i litt i rødt, gult, orange, og andre blå og grøne.

fredag 25. februar 2011

Råsa


Såg gjennom bildene mine i dag, og eg trur 90% av dei har eit eller anna innslag av rosa. Rosa gjer meg glad, egentlig ein veldig optimistisk farge. Då er det godt å kunna skylda på ei lita prinsessejente som elsker råsa over alt på jord. :)




Lilla og rosa i skjønn harmoni, det er fargane som går igjen her i Bogsnesveien i 2011.


Ønsker alle ei fine helg.

onsdag 16. februar 2011

Toppen på optimisme?


Me er over halveis i februar, og det er tid for vår no. Primular og tulipanar er dagligdagse innslag i heimen. For ei tid me har i vente, gleder meg!


I helga var me på hyttetur, Christin, Ingunn og meg. De minste var med og her er me på vei for å cache litt. Det er nesten som turorientering, berre at me brukar gps i stadenfor kart, og målet er små boksar som er utplassert på angitte koordinatar. Ungane synes dette var kjempekjekt, og kampen var stor for å finna "skatten" først. :)


Her er Tormod, Vegard, Aina Karin, Benjamin og Stefan på "cachetur".


Som sagt er eg klar for vår, og kjøpte meg nye fine sandalar til våren. Ikkje mykje glede her i huset når me våknar opp til 15 cm. nysnø. Men eg er optimistisk og håpar eg kan ta dei i bruk ganske så snart. Gleder meg :)

fredag 4. februar 2011

Nib-utfordring: Oppbevaring


Eg har boksar og krukker over heile huset. Under stovebordet har eg ein boks til strikkepinnar,saks, nåler og slik som eg kan få bruk for i kvardagen.


Norgesglass har eg i enorme mengder, etter å ha knabba nesten alle heima hos ho mor. De fleste er putta ulike matvarer oppi, alt fra twist til couscos. :P


Nye og gamle kakeboksar om ein annan, dei har eg i ein gammal trekasse ute i gangen. Dei inneholder, ehh ymse, trur eg eg kan sei. :P

onsdag 2. februar 2011

Mumse, mumse


I dag så bei me så "godtasjuke" etter middag, og prøvde oss på Galloppbollar som me fant oppskrift på inne hos Kvardagsgleder. Likar ikkje så godt slike oppskrifter der me skal smuldra smør i lag med det tørre, men etter konferering med min kjære bror så var det ingen vei utenom, he,he. Me delte nokre epler i små terningar og rørte litt rosiner i røra. Blei knallgodt.

Har begynnt med treningsoversikt igjen, litt lang julaferie, men nå er me back in business.