torsdag 25. mars 2010

Påskepynta hus


Litt påskepynt må til. Eg hekla noken lange løparar for noken år sidan, og dei nekta eg å gje opp å bruka. Gult skal det vera til påske her i huset, samme kva trendane seier.


Ungane kjeme heim med noke nytt kvart år, og det må også setjast fram.

Litt påske må det vera på kjøkkenet også. Me reiser ein del i høgtidene og for å få litt kos heime også så pyntar me som oftast i god tid, så også i år.


(Eg er berre nødt å ønska meg eit nytt kamera. Ikkje mykje moro å ta bilder når ein ikkje har zoom ein gong. Anne Sofie nektar å ta bilder med mitt kamera, for det er stort og bråkar når bilder blitt tatt!!)

Til og med heklenøsta under bordet matchar påskehuset mitt.


God påske til alle saman!

fredag 12. mars 2010

Navnet er Inge


Guten blei døypt, og fekk navnet Inge. Det blei ei rørande gudstjeneste og mange følelsar for tante. Tårene trilla, men eg klarte oppgåva som gudmor.
Det var på hengande håret me i det heile tatt klarte å komma oss av gårde. Aina Karin begynnte å spy natt til fredag, og me måtte utsetta reisa til lørdag. Søndagsmorgen var det på an igjen, og ho sov seg gjennom gudstjenesta og selskapet. Utrulig leit og frustrerande, men lite me kan gjera med det.

Så heila denna veka har eg vore heima frå jobb. Først med Aina Karin, og onsdagen braka det laus hos Alf Inge og meg. No får me håpa me er kvitt elendigheten...
....


Mamma med Inge på fanget, pappa Karsten, onkel Gudmund og tante Anita.


Sola skin i hvertfall, og det er riktig så vårleg ute. To veker til og me stiller klokka, eg kan nesten ikkje venta.

torsdag 4. mars 2010

Ærefullt oppdrag


På søndag er det duka for den store barnedåpen. Eg har fått det ærefulle oppdraget av å bera mitt første tantebarn til dåpen. Ekstra ærefullt sidan guten skal heite Inge, og er oppkalla etter pappa som me mista i høst. Det blir nok ei tankefull og høgtidstemt stund.


Eg skulle absolutt hatt gått ned 5 kilo før søndag, men det er vel å vera vela optimistisk. Bunaden har krympa litt der den har hengt sidan 17. mai, men eg får helda pusten i nokre timar. Har vore flink og aktiv i heile februar, med unntak av ei lita veka der eg var så sørpande forkjøla.


Primulane eg kjøpte for nokre veker sidan har faktisk stått overraskande bra på kjøkenbordet. De får halda til neste helg sidan me blir borte denne helga og. Våren har me gitt opp å venta på, og Aina var veldig fornøyd med at ho endeleg fekk seg "pelslua". Lurer på om det er noke Hannah Montana har om vinteren og......


Ønsker alle ei fin helg.